Kurs

Lær å bake flatbrød

2. juni 2025 – Ulvik, Fagskulen Vestland

Kurs i flatbrødbaking

Velkommen til kurs som gir deg kunnskapen om å kunne bake ditt eige flatbrød enten du skal bake til deg sjølv i ditt serveringsstad, skal bruke kunnskapen privat eller tenker å etablere bedrift for bakst av flatbrød og hellebakst.  

Målgruppe – alle som vil lære seg å bake flatbrød. Driftar du serveringsstad og skal servere huset flatbrød – ja då passar dette kurset ekstra godt.

 

bodil nordjore kurs flatbrød tradisjon mat

Velkomen til lefsebaking og seminar om tradisjonar, kultur og handverk

Lefsetinget 2025 er for alle som har lefsebaking som levebrød, vil koma i gang med lefsebaking, vil selje lefser eller har ei unik interesse for å formidle kunnskap og tradisjon om lefsebaking.

Lefsetinget byr på praktiske kurs, inspirasjon, påfyll av kunnskap, og er ein inkluderande møtestad for å halde lefsetradisjonane levande for komande generasjonar. Sjå program under.

Me ynskjer å dele dei gode smakane, mangfaldet i landet og synleggjera meirverdien av den lokale stoltheita lefsa har i landet vårt – Den kulturelle kvinnelege kapitalen.

Taus kunnskap, handlag, prestisje og stoltheit er nokre døme på kva lefsa har av status i dag.

Me kjenner at denne tradisjonen og kunnskapen har ein verdi utover seg sjølv, det er difor viktig for oss å samle, etablere og utvikle eit lefsemiljø som er tufta på eldre tradisjonar, men som skal vera mogeleg å vidareføre med den teknologien me har i dag. Me ser det i alle høgtider og livsriter at takkebakst står støtt og høgt i kurs – Mat med tid.

Det vil bli utstilling og sal av kjevle, bakstefløyg, takke og stettefat, og sjølvsagt sal av mykje gode lefser.

Engmark Meteor AS

Meteor Steketakke, for lefser og flatbrød, har i over 60 år blitt produsert av Engmark Meteor AS på Kalbakken i Oslo, og vil være på plass under Lefsetinget 2025.

Klikk her for å besøke Meteor

Velkomen til kurs

Flatbrødet er det opprinnelege norske brauet. Kornet kunne lett mugne, men når ein malte det og baka flatbrød, passa på at det vart oppbevart på tørr stad så hadde ein varig mat. Matberedskap i praksis. Og praktisk – stor innsats eit par gonger i året og ein hadde brau til alle måltid. Til og med bløyte det, fylle det med prim for eks – då har ein fått ei lefse.

kurs flatbrød baking lefseting lefsetinget avent digital as

Flatbrødet egner seg godt til gastronomien i 2025 og toler å bli brukt meir til mange måltidsopplevingar.

Bodil Nordjore brenn for tradisjonsmaten og gjennom kurs og bøker formidlar ho kunnskapen for kommande generasjonar. Bodil har heile livet hatt kjevle i hendene, det er hendene som øvast som er bærar av kunnskapen, ein må få prøve, kopiere og til slutt kan ein kunsten å bake flatbrød.

Kursinnhald

  • Råvare og teori om mjøl, smak og tilsettingar.
  • Brødet si historie, kommunikasjon og marknaden i dag.
  • Utstyr, kjevleteknikk, steiking, lagring og oppbevaring.
  • Kurset er praktisk, der vi deler oss i stasjonar, øver og praktiserer til teknikken set.

Pris og betingelser

  • Pris: kursavgift inkl lunsj på Hjeltnes kr 800,- per person. Betaling i lenke.

  • Kursdeltakar får med flatbrørdet ein lagar heim.

Kontakt

 

Aud Slettehaug

Kompetansenettverk Lokalmat

E-post: aud.Slettehaug@vlfk.no
Telefon: 47 37 57 39